Francisellose – sjukdomsdiagnostikk

Sjukdommen francisellose førekjem hjå torsk og skuldast infeksjon med bakterien Francisella philomiragia subsp. noatunensis.  

I det kroniske stadiet av sjukdommen finst det lyse betennelsesknutar (granulomar) i indre organ mm. Liknande knutar vert også danna hjå torsk infisert med mange andre sjukdomsframkallande organismar, slik at desse funna ikkje er spesifikke for francisellose.

Sjukdomsdiagnosen francisellos bygger på påvising av patologiske endringar og bakterien. Sidan sjukdomsendringane ikkje er spesifkke for francisellose er det viktig at ein ved diagnostiske undersøkingar tek prøvar som gjer det mogleg å stille også andre sjukdomsdiagnosar.

 

Prøveuttak ved mistanke om francisellose

Alternativ 1 (obduksjon i felt og innsending av prøvar):

1) Formalinfikserte organsett (pseudobrankie, gjelle, hjerte, lever, pankreas/tarm, milt, nyre og hud/muskel) og eventuelle andre vev med knutar for histologisk undersøking

2) Vev (milt, nyre mm. og vev med knutar) for påvising av bakterien ved dyrking og/eller PCR.

Dyrking: Francisella philomiragia subsp. noatunensis veks ikkje på vanleg blodagar, men må ha ein cysteinrik agar (cysteine heart agar med 5% saueblod, CHAB) for å vekse.
Fisk med francisellose er ofte samstundes infisert med andre bakteriar slik at fortynning av materialet i utstryk på skål er viktig. Maksimum to utstryk per skål.

PCR: Utførd etter rutinemetode.

Vev sendt på is el. frose som over natta-pakke kan brukast til dyrking og PCR. Vev sendt på RNAlater™ kan berre brukast til PCR.

Reint praktisk kan vev frå eine nyret fikserast på formalin og heile det andre sendast kjølt. Milten kan delast i to for dei same føremåla. Det er viktig å få med vev med knutar både for histologi og mikrobiologi.

Alternativ 2: Innsending av heil fisk på is.

Sist oppdatert 06.09.2007.