|
ILA
|
Viral hemoragisk septikemi (VHS, Egtvedsjuke) Faktaark om VHS på Veterinærinstituttet si heimeside.
Kontakt VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse eller regionalt laboratorium for nærare avtale før prøveuttak. Det nyttast fleire metodar ved diagnostisering av VHS og difor skal det takast ulike typar prøvar. Prøvane takast frå fisk med mistenkelege kliniske teikn og/eller levande fisk med makroskopiske sjukdomsendringar. Dersom det på prøvetakingstidspunktet er få slike fisk må det vurderast prøvetaking av fersk daudfisk og/eller eit supplerande uttak innan kort tid. Storleiken på fisken avgjer kor mange fisk som må undersøkast og korleis prøvetakinga skal utførast; yngel leggast heil på medium eller fiksativar medan stor fisk må dissekerast. Som hovudregel skal det vere ca. 10 gonger så stort volum med transportmedium, RNAlater eller formalin som det er vev i røra. På transportmedium tilsvarar det totalt ca. 1 gram vev. Alternativ 1 - fisk større enn ca. 6 cm: Prøvar frå minst 10 individmerka fisk takast i rekkjefølgje som antyda og med sterilt utstyr under pkt. 1-2: 1) Nyre, milt og hjerte på transportmedium for virusdyrking, sendast VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse
2) Nyre fikserast på RNAlater for viruspåvising ved RT-PCR og sekvensering,sendast VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse
3) Bakteriologisk undersøking (kan gjerast lokalt og resultatet ettersendast til VI). 4) Formalinfikserte organsett (gjelle, hjerte, lever, pankreas/tarm, milt, midtnyre og hud/muskel) for histologi, sendast regionalt laboratorium (VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse er reg.lab. for Austlandet, Agder og Møre og Romsdal)
Alternativ 1 - fisk mindre enn ca. 6 cm: Hjå liten fisk er det ikkje hjå kvart individ nok vev til ulike prøvetypar. 1) Vev på transportmedium for virusdyrking, sendast VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse
2) Vev på RNAlater for viruspåvising ved RT-PCR, sendast VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse
3) Bakteriologisk undersøking (kan gjerast lokalt og resultatet ettersendast til VI). 4) Formalinfikserte prøvar, sendast VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse eller regionalt laboratorium
Alternativ 2: Send minst 10 heile fisk på is. Dersom fisken er mindre enn 20 cm sendast minst 30 fisk.
Innsendingsskjema Utfylling av innsendingsskjema, pakking og sending av prøvar
Dette gjeld fisk utan kliniske teikn og/eller makroskopiske sjukdomsendringar. Må avtalast i kvart tilfelle. Sist oppdatert 27.11.2007.
|
|