Veterinærinstituttet vurderer kva undersøkingar som er føremålstenlege ved sjukdomsdiagnostikk, og det vert lagt serleg vekt på om det skal undersøkast for gruppe A- og B-sjukdommar. Innsendar vert kontakta dersom det er aktuelt å utføre kostbare undersøkingar som det skal betalast for.
Svarbrev vert sendt til innsendar, med eventuell kopi til Statens dyrehelsetilsyn. Førebels svar kan verte sendt ut som e-post, telefaks eller pr. telefon, og ved alvorlege smittsomme sjukdommar vil ein forvisse seg om at varslinga har nådd innsendar og Dyrehelsetilsynet.
Svartida avheng av problemstilling, prøvemateriale og metodar som vert brukte. Spesielt stor prøvepågang kan også forlenge svartida. Etter avtale kan enkelte undersøkingar skundast fram.
Samlesvar vert sendt for prøver mottekne i samband med overvakings- og kontrollprogramma.
Laboratorieresultat avgrensar seg til det mottekne og undersøkte materialet, og er ikkje alltid heilt eintydige. Metodar som vert brukte har varierande grad av sensitivitet og spesifisitet, og den eine minkar når den andre aukar. Det er aldri mogleg å 100 % sikkert dokumentere fråver av eit agens, og serleg ikkje dersom prøvematerialet er frå tilsynelatande friske individ. Det er innsendar som må vurdere situasjonen i anlegget eller området der materialet kjem frå.
Påvising av virus og bakteriar ved dyrking betyr ikkje utan vidare at det aktuelle agens er årsak til det konkrete sjukdomsutbrotet. T.d. finst det berarar av IPNV i mange anlegg med laks. Påvising av IPNV-antigen v.h.a. immunhistokjemi i nekrotiske område i eksokrine del av pankreas gjev derimot grunnlag for å stille sjukdomsdiagnosen IPN.
Ingen vekst av mikroorganismar, vekst av "normalflora" eller av uspesifik blandingsflora kan bety at:
sjukdomsproblemet ikkje har infeksiøs bakgrunn
den akutte infeksjonsfasen er over og at det primære agens dermed ikkje kan påvisast
dyret har vore handsama med antibiotikum som hindrar påvising av agens
organa er overvaksne av kadaverbakteriar
prøvematerialet ikkje er teke ut eller handtert på ein adekvat måte
Fråver av bevis for nærver av eit smittestoff er ikkje nødvendigis bevis for fråver.