Prøveuttak - fisk

 

Ferskt materiale

Levande rogn og fisk: Berre etter avtale. Rogn og fisk sendast levande dersom det er naudsynt i høve til problemstillinga.
Aktuelle undersøkingar: Obduksjon, mikroskopi for ekto- og endoparasittar, histologi, påvising av virus, bakteriar og sopp, og kjemiske analysar.

 

Heil fisk, daud, fersk: Berre etter avtale. 

Aktuelle undersøkingar: Obduksjon, histologi, mikroskopi for enkelte parasittar, påvising av virus, bakteriar og sopp, og kjemiske analysar.

 

Frosen fisk og/eller frosne organ: Dersom sending ikkje vil kunne nå fram innan fredag, må fisken frysast og sendast slik at den er frosen også når den kjem fram. Frysing reduserer verdien av eit materiale, men for enkelte føremål er det likevel eigna.
Aktuelle undersøkingar: Obduksjon, histologi, påvising av virus, bakteriar og sopp, og kjemiske analysar.

 

Heil fisk er for dei fleste føremål eit betre alternativ enn delar av fisk dersom materialet skal sendast ferskt på is.

 

Sist oppdatert 06.09.2007.

 

  til toppen av siden

 

Histologi

Histologisk undersøking vert utførd ved alle laboratoriane til Veterinærinstituttet. Den er eit naturleg framhald frå ei makroskopisk undersøking, og er ei breid undersøking for oppfanging av ulike problem og for målretting av spesifikke undersøkingar. Standard histologisk undersøking tek normalt minst fire yrkedagar, og minst ei veke ekstra dersom det skal supplerast med spesialfargingar eller immunhistokjemi.

 

Indikasjonar:

Når er vev altfor kadaverøst til å vere eigna for histologisk undersøking?

Det avheng av organ og problemstilling, slik at ein i tvilstilfelle bør fiksere vev. Serleg dersom det ikkje er tilgang på meir materiale. Erfaringane er blant anna at:

Visse typar av sirkulasjonsforstyrringar, men ikkje sparsomme epiteliale endringar, kan diagnostiserast i gjeller hjå fisk som etter avliving har lege 20 timar på is.

Aluminium, jern og enkelte andre metall kan påvisast i gjeller og andre organ med moderat til uttala kadaverose. 

Uttala hjerteendringar ved kardiomyopatisyndrom (CMS) kan påvisast hjå daudfisk. 

 

Generelt om uttak av vev:

Det bør fikserast fleire organ eller heil fisk, sjølv om endringar er venta å finnast i eitt eller i eit fåtal organ. Histologisk undersøking vil i utgangspunktet vere avgrensa til ein del av materialet, men rikeleg materiale mogleggjer utvida undersøking utan ekstra innsending.

 

Målet er histologiske snitt gjennom mest mogleg vev (1 - 2 cm2), slikt at sjukdomsendringar lettare kan oppdagast. Det er vanskeleg å lage faste reglar for det praktiske prøveuttaket, men ideelt sett skal det fikserast vevsbitar som er 4 mm tjukke, skiveforma og har plane snittflater. I mange tilfelle må det gjerast tilpassingar, som omtala i det følgjande.

 

Veldig liten fisk fikserast rund. Når fisken er litt større (maksimal tjukne over ca. 5 mm), må ein enten fjerne eit gjellelok og legge eit snitt i midtlinja for opning til buken, eller fjerne gjelleloket og bukveggen på ei side. Liten marin fisk kan for fiksering delast i tre; (1) hovud med auge, hjerne, gjeller og hjerte, (2) bukorgan som ein ”pakke” og (3) nyre i samanheng med ein bit ryggrad, muskel og hud. For hjå torsk og flatfisk kan det vere vanskeleg å løyse nyret frå ryggrada. 

 

Frå større fisk sendast heile organ eller delar av desse. Rutinemessig sendast gjelle, hjerte, lever, pankreas/tarm, milt, nyre og hud/muskel. Frå marin fisk sendast rutinemessig også auge og hjerne.

 

Ved makroskopiske endringar skal det takast materiale i overgangen frå endra til ikkje-endra vev. 
Moglege svulstar og andre prosessar: Skjer ut ei 4 mm tjukk skive gjennom midten når den er større enn 1 cm. Fikser den heil eller del på midten og fikser begge halvdelar når den er mindre enn ca. 1 cm.


Det skal vere eitt individ pr. kontainer dersom det fikserast fleire organ frå kvar fisk. Opplys kva organ som vert sende.

 

Spesielt om uttak frå enkelte organ:

Pseudobrankiar: Fikser ein heil brankie frå eine sida.

Gjeller: Rutinemessig fikserast gjelleboge nummer to; frå mindre fisk heile bogen og frå større fisk 2-3 cm av bogen nedanfor vinkelen. 

Hjerte: Ta med heile organet; forkammer, kammer og bulbus arteriosus. Hjertet frå større fisk skal opnast, noko som kan gjerast slik: Plasser organet på ei plate med kammeret sin spiss mot deg, forkammeret ned og bulbus arteriosus opp og frå deg. Hald i kammeret sitt venstre hjørne med ein kirurgisk pinsett og legg eit snitt i same vertikalplanet gjennom kammer og forkammer, og dersom mogleg også gjennom bulbus arteriosus. Fikser den delen som ikkje vart halden med pinsetten.

Mage- og tarmkanalen: Frå mindre fisk kan organa fikserast runde. Ved fiksering av vev frå større fisk må det enten takast tverrsnitt (som utgjer 4 mm av kanalen i lengderetninga) eller sendast lengre segment som skjerast opp på langs.

Lever og gallevegar: Levra sin framre del kan vere mindre kadaverøs enn den bakre. Snitt skal takast på ein slik måte at kapselen er med. Punktering av galleblæra bør unngåast.

Pankreas og pylorusblindsekkar: Frå mindre fisk fikserast alt pankreasvev. Frå større fisk skjer ein ut ein bit på tvers av blindsekkar, magesekk og midttarm, og tjukna på denne bør vere så nær 4 mm som mogleg.

Milt: Mindre fisk: Fikser heile organet. Større fisk: Ta ca. 4 mm tjukk bit på tvers på midten.

Nyre: Frå mindre fisk fikserast heile organet eller ei lengde på 1 cm frå midtnyret. Frå større fisk skjerast ut ein bit på tvers av midtnyret og slik at kapselen er med. I visse tilfelle takast også frå hovud- og baknyre, eventuelt heile nyret også frå stor fisk.

Hjå f.eks. torsk ligg det meste av nyret langt framme, slik at esofagus først må dissekerast bort.

Kjønnsorgan: Rogn fikserast heil.

Hud/muskel: Ta ein bit med både raud og kvit muskulatur langt nede til sides for ryggfinnen, enten i lengderetninga like over sidelinja eller på tvers slik at sidelinja er med.

Hud: Ved førekomst av sår bør det fikserast hud med mest mogleg tidlege endringar, og gjerne slike som enno ikkje har utvikla seg til sår.

Auge: Organet fikserast heilt på ubuffra 10% formalin.

Nervesystemet: Moglege alternativ:

1) Liten og stor fisk: Hovudet kløyvast i eit vertikalplan litt til sides for midtlinja og største halvdelen (med hjernen liggande i kraniet) fikserast.

2) Stor fisk: Hjernen dissekerast ut og fikserast. Ved mistanke om nodavirusinfeksjon hjå flatfisk skal hjerne mm. fikserast som omtala over i avsnittet Generelt om uttak av vev. 

Skjelett: Beinvev og anna mineralisert vev skjerast i 4 mm tynne skiver dersom det er mogleg, og fikserast i fleire dagar før dekalsinering og innstøyping. Bouins fiksativ kan brukast som alternativ til formalin og dekalsinering.

Ryggrada kløyvast i fisken si lengderetning i vertikalplanet like ved sida av midten. Ryggmarg og nyre kan fikserast i samanheng med knoklane. Stor fisk: Den kløyvede ryggrada med ryggmarg og nyrevev dissekerast laus frå muskulaturen. Liten fisk: Ryggrada fikserast saman med muskulaturen på den eine sida av fisken; dvs. at fisken kløyvast frå snute til spord. Ryggrad eller halv fisk bør fikserast i utstrekt tilstand.

Finnar: Heile finnar fikserast.

 

Fikseringsmidlar og handtering av vev:

Dersom mekanisk avliving medfører skade på vev som skal undersøkast, eller fisken er liten (under ca. 4 cm), skal den avlivast vha. overdose med bedøvingsmiddel. Fikseringsvesker skal ikkje brukast som avlivingsmiddel.

 

Det skal rutinmessig fikserast på 10% formalin (= 3,7% formaldehyd) som er fosfatbuffra og har pH 7, og ferdig blanding fåast kjøpt på apotek. I visse tilfelle brukast 10% ubuffra formalin, som er 1/10-fortynning av 100% formalin (= 37% formaldehyd). Dersom ein manglar formalin kan ein

– enten konservere materialet på etanol (i naudsfall raudsprit) med ein slik konsentrasjon at ein oppnår 70% både inne i og utanfor vevet, og seinare overføre det til formalin

– eller fryse materialet og deretter overføre det til formalin før innsending. Dette kan vere eit alternativ ved mistanke om bl.a. aluminium- og/eller jernforgifting.

Reglar for å unngå kadaverose, få rask fiksering og unngå øydelegging av vev:

Formalinfiksert materiale bør sendast same dag eller dagen etter prøveuttak, og gjerne slik at vi har det seinast torsdagen.

 

Sist oppdatert 06.09.2007.

 

til toppen av siden

 

  

Vevsavtrykk for cytologi

 

Det skal frå kvar fisk lagast nyrevevsavtrykk på to stk. poly-L-lysin (PLL)-dekka objektglas med skrivefelt, og det skal ikkje vere materiale frå meir enn ein fisk på eitt glas. Skriv på fisk nr. og A eller B med blyant, ikkje tusj (tusjmerking forsvinn ved acetonfiksering). I naudsfall kan vanlege objektglas brukast, men ein risikerer at materialet fell av ved immunfarginga.

 

God kvalitet på avtrykket er avgjerande for at metoden skal fungere. Avtrykket skal ha rikeleg nyreceller liggande i eitt lag på glaset, og samstundes innehalde minst mogleg erytrocyttar og serum. 

 

Ein vevsbit på ½ - 1 cm skjerast laus frå midtnyret, takast med pinsett og ei av flatene tørkast varsomt mot absorberande papir nokre gonger til det ikkje lenger kjem mykje blodig veske på papiret. Den delvis tørka vevsflata trykkjast så mot senter av objektglaset, ved at biten får kvile eit sekund i god kontakt med overflata. Set biten fleire gonger mot glaset slik at det sentralt vert eit samanhengande, tynt og ca. 2x2 cm stort avtrykk med nyreceller.

 

Kontroller ved direkte mikroskopi at cellene frå nyret ligg i berre eitt lag på glaset. Grad av tørking av vevet mot papiret må vurderast ut frå blod- og veskemengda. Dersom vevet pressast for mange gonger mot papiret vil også celler frå nyret avsetjast slik at det vert lite igjen til å lage avtrykket, sjølv om blodig veske kan pressast fram. Det må lagast ny snittflate i vevet eller takast ein ny bit dersom ein skal lage fleire enn tre glas med avtrykk.

 

Tørk avtrykka 30 - 60 minuttar ved romtemperatur, fikser i 100% aceton i 10 minuttar og tørk. Avtrykk skal lagrast og sendast tørre. Bruk tette objektglasboksar (eventuelt med tape rundt) og unngå at dei gnir mot kvarandre. Dei kan stå eit par dagar i kjøleskåp før innsending. Ved lenger lagring skal dei frysast. Dersom dei sendast saman med is, må dei pakkast slik at kondens unngåast. Også ufikserte avtrykk kan sendast.

 

Nyrevevsavtrykk for påvising av ILAV vha. immunfluorescens-test sendast til VI Bergen (frå dei som normalt sender prøvar dit) og til VI Oslo v/Seksjon for fiskehelse (frå alle andre).

 

Nyrevevsavtrykk for påvising av Renibacterium salmoninarum vha. immunfluorescens-test sendast til Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskehelse.

 

 

  

Blodprøvar

Innsending av blod, plasma eller serum skal avtalast. Generelt bør blodprøvar takast på røyr med heparin, og før eventuell frysing skal blodlekamane fjernast ved sentrifugering.  

Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskehelse kan ved sjukdomsdiagnostikk og som oppdrag undersøke blod, plasma eller serum for antistoff mot infeksiøs lakseanemi-virus.

Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for immunprofylakse kan som oppdrag ta imot plasma eller serum (ikkje blod) til analyse for antistoff mot Aeromonas salmonicida, Vibrio anguillarum serotype O1 og O2, Vibrio salmonicida, Vibrio viscosus og infeksiøs pankreasnekrose-virus (IPNV).

 

til toppen av siden

 

  

Virus

Virusinfeksjonar kan påvisast ved histologi, immunhistokjemi, serologi, undersøking av vevsavtrykk, ko-agglutinasjonstest (hurtigtest) for IPNV i felt og vha. metodar som her vert omtala og utførde ved Veterinærinstituttet Oslo. Ved innsending av heil fisk for obduksjon ved regionalt laboratorium vert prøvar vidaresende til Veterinærinstituttet Oslo for viruspåvising.

 

Ved førekomst av sekundære bakterie- eller soppinfeksjonar bør det om mogleg takast materiale frå fisk både med og utan sekundærinfeksjonar, men på ulike kontainerar og med opplysing om kva som er kva. Serleg gjeld dette heil yngel med utvendige soppinfeksjonar.

 

Her omtalast materiale for to av metodane; dyrking og nukleinsyrbasert påvising.

 

  

Virus - dyrking:

Ein skal ved innsending, avtale om innsending eller tinging av transportmedium forholde seg til Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskehelse dersom det er sjukdomsdiagnostikk og anna ikkje er bestemt. Dyrking utførast i cellekultur ved Seksjon for virologi og serodiagnostikk.

Innsending skal avtalast. Unntak er inn til 10 kontainerar med materiale for undersøking for VHSV, IHNV, IPNV, PDV eller nodavirus som del av sjukdomsdiagnostikk. Prøvar som er kadaverøse, har vore frosne eller inneheld materiale frå t.d. tarm, kan gjere dyrking umogleg pga. giftverknad på cellekulturen og/eller overvekst av bakteriar og sopp. Difor er det avgjerande at denne instruksen vert følgd.

 

Dersom ikkje anna er bestemt, skal heil yngel, heile nyret (liten fisk) eller ein bit frå midtnyret (stor laksefisk mm.) leggast på transportmedium.Hjå f.eks. torsk ligg det meste av nyrevevet langt framme og prøvane må takast der. Mediet inneheld bl.a. gentamicin, så hudkontakt og søl må unngåast. Yngel skal avlivast før den vert lagd på transportmedium. På ein kontainer med 9 ml medium skal det totalt vere ca. 1 gram materiale. Ved uttak skal det brukast eit sett steril reiskap for kvar kontainer.

 

Når fisken er stor nok til at det vert eit individ pr. kontainer, skal desse individmerkast dersom det frå dei same individa enten vert teke ut andre typar av prøvemateriale og/eller kliniske teikn og obduksjonsfunn varierer frå individ til individ.

Materialet bør ikkje frysast, og sendast straks til Veterinærinstittuet Oslo på is.

 

Dersom ikkje anna er avtala, vert materialet inokulert i kulturar av BF-2- og EPC-celler, som mogleggjer påvising av bl.a. VHSV, IHNV og IPNV. Undersøkinga tek minst tre veker. Ved mistanke om ILA, PD eller VNN vert materiale også inokulert i celler eigna for isolering av dei aktuelle virus.

 

Titrering (semikvantitativ mengdebestemming) av virus kan utførast etter avtale og mot betaling.

Eigne instruksar finst for innsending i samsvar med offentlege kontrollprogram og for testing av stamfisk.

 

  

Virus - nukleinsyrebasert påvising:

Molekylærbiologiske teknikkar, serleg polymerase-kjede-reaksjon (PCR), omfattar i dag påvising av bl.a. IPNV, ILAV, PDV og nodavirus.

Ein skal ved innsending og avtale om innsending forholde seg til Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskehelse dersom det er sjukdomsdiagnostikk og anna ikkje er bestemt.

 

Dersom ikkje anna er bestemt for mistenkt sjukdom, skal det hjå laksefisk mm. takast materiale frå midtnyre. Hjå f.eks. torsk ligg det meste av nyrevevet langt framme og prøvane må takast der. Vev inneheld rikeleg enzymar (RNAsar), og desse kan bryte ned RNA, som er arvestoffet til kjende sjukdomsframkallande virus i norsk fiskeoppdrett. Difor er det heilt avgjerande å handsame prøvar slik at virus-RNA ikkje vert borte før analysen vert utførd. Alternativa er:

 

Sist oppdatert 12.10.2007. 

 

Virus hjå fisk – oversyn

 

til toppen av siden

 

  

Bakteriar

Infeksjonar kan påvisast ved histologi, immunhistokjemi, serologi, cytologi og vha. metodar som omtalast her.

 

Alternativ 1: Innsending av heil fisk eller organ.

Det beste er å sende ferskt materiale på is som over-natta-pakke. Eit mindre godt alternativ er sending av frose materiale. Kjølt el. frose materiale kan brukast til dyrking og PCR.

Eit alternativ er også å sende vev på RNAlater™ , men det kan berre nyttast for PCR.

 

 

Alternativ 2: Innsending av bakteriekulturar.

Bakteriar for vurdering og identifisering skal sendast som reinkultur fortynna på skål slik at enkeltkoloniar kan plukkast ut, om naudsynt i form av sekundærutsæd. Primærutsæd, enten reinkultur eller blandingsflora, kan etter avtale sendast for vurdering. Skålene skal merkast med isolatet sin referanse, dato for utsæd og medietype. Serleg viktig er opplysingar om kva organ bakterien er isolert frå og om det var reinkultur eller blandingsflora i primærutsæden.

 

Akvatiske bakteriar er, med unntak av nokre kjende patogenar, forholdsvis dårleg karakteriserte. Artsbestemming av opportuniske eller nye patogenar kan difor vere vanskeleg med tradisjonelle biokjemiske teknikkar, men vi kan etter avtale bruke molekylære metodar som sekvensering av 16s rDNA.

 

Identifisering av bakteriar i reinkultur vha. tradisjonelle teknikkar tek vanlegvis 1-2 veker, og av økonomiske årsaker bygger den på vegval vha. dikotome nøklar; igangsetjing av nye testar føreset kjennskap til resultat frå pågående testar.

 

Skåler med spesialmedium, som marinagar og Ordals medium, kan tingast frå Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskehelse.

 

  

Testar for Renibacterium salmoninarum utførast etter avtale, og det er fleire alternativ:

a) Frose eller ferskt vev på is:

- Bakterien påvisast vha. immunologisk hurtigmetode (Alpharma sin ELISA-metode Kwik-Dtect m/monoklonale antistoff mot overflateproteinet p57). Denne brukast bl.a. ved testing av stamfisk. Eventuelle positive funn ved bruk av hurtigmetoden lokalt skal verifiserast ved at frose eller ferskt materiale vert sendt til Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskhelse for undersøking.

- Dyrking på spesialmedium.

b) Avtrykk frå vev frå midtnyre for påvising av bakterien vha. fluorescenstest..

Det vert av praktiske og økonomiske omsyn samla eit visst tal prøver før testing, men etter avtale kan det framskundast og gjerast ferdig etter ein dag.

 

Bakteriar hjå fisk - tabelloversyn

 

Sist oppdatert 06.09.2007. 

 

 

Sopp

Infeksjonar kan påvisast ved mikroskopi, histologi og metodar som omtalast her.

 

Heile fisk eller organ som det skal dyrkast frå, må enten straks sendast kjølte eller frysast og deretter sendast frosne.

 

Sopp for identifisering bør om mogleg sendast i reinkultur på skål. Reinkultur kan lagast ved å overføre ein koloni pluss blokk av underliggande agar til ny skål. Primærutsæd kan sendast etter avtale.

 

Sopp hjå fisk - tabelloversyn

 

til toppen av siden

 

 

Parasittar

Parasittar kan ofte påvisast ved obduksjon og histologi, og ved mistanke om PKD er histologi tilrådd metode. Men nærare bestemming av parasittar kan sjeldan gjerast vha. histologi.

 

Større fleircella parasittar som bendelmark og rundmark til artsbestemming kan sendast på 70% etanol. Parasittiske krepsdyr kan sendast på 10% fosfatbuffra formalin. Parasittar festa til vev skal sendast i samanheng med dette, enten ved utskjering av det aktuelle området eller ved innsending av heile fisken.

For bestemming av andre typar parasittar bør det sendast heil fisk, enten levande eller daud, som er pakka individuelt i pose og på is.

Ved mistankte om Anguillicola spp.-infeksjon skal det helst sendast ål med avvikande åtferd og vekst, men ikkje for mange hannar som har slutta å vekse. Fisken avlivast og sendast fersk på is.

Det er ved VI fastsett ein eigen instruks for undersøking mop. Gyrodactylus salaris.

 

Parasittar hjå fisk - tabelloversyn

 

 

  

Gyrodactylus salaris - Prosedyre for innfanging, konservering og innsendelse av fisk som mistenkes for å være smittet 

 

Innfanging

All fisk må fanges på en slik måte at hud og finner, der Gyrodactylus salaris vanligvis befinner seg, blir minst mulig skadet. Villfisk i bekker og elver skal fanges med elektrisk fiskeapparat. I innsjøer skal fisken fanges med ruser eller sportsfiskeutstyr dersom el-apparat er uegnet. Fiskene avlives umiddelbart med en ”overdose” strøm eller med et slag i hodet. I oppdrettsanlegg vil det vanligvis være nødvendig å håve inn fisken. Det er da nødvendig å arbeide raskt slik at fiskens oppholdstid i håven blir kortest mulig. For å redusere fiskens sprelling i håven som gjør at parasitter blir skrapt av, må fisken avlives så fort som mulig med et slag i hodet. Bedøvelsesmiddel skal ikke benyttes.

 

Konservering

Etter uttak og avliving skal fisken konserveres så raskt som mulig. All fisk skal konserveres hele, med unntak av oppdrettsfisk lengre enn 15 cm. Hos disse undersøkes bare avklippede finner (ikke fettfinne). Ved klipping holdes fisken slik at finnen faller direkte ned i konserveringsvæsken. Dersom finnen faller på bakken, blir det mye smuss i slimet. Dette gjør undersøkelsen vanskelig og reduserer muligheten for å oppdage Gyrodactylus-individer.

 

All fisk og finner skal konserveres i ren 96% etanol uten tilsetningsstoffer. Det bør brukes flasker, og det skal være minst ni ganger så mye etanol som vev (minst 900 ml etanol til 100 gram fisk). Etter innsamling bør flaskene lagres liggende slik at fiskene eller finnene blir liggende utstrakt under konserveringen. Bøyd fisk gjør undersøkelsen vanskeligere og reduserer muligheten for å oppdage Gyrodactylus­-individer.

 

NB! Det er viktig at denne prosedyren følges. Dersom spriten fortynnes eller det legges flere fisk enn angitt på flasken, kan spritkonsentrasjonen bli for lav etter hvert som fisken konserveres og frigir vann. Fiskehuden kan delvis gå i oppløsning og alt innsamlingsarbeidet er bortkastet. Uegnet fisk blir kastet uten undersøkelse.

 

Innsendelse

Ved mistanke om Gyrodactylus salaris-infeksjon sendes prøvene til Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for fiskehelse

Prøver tatt ut i forbindelse med overvåkings- og kontrollprogrammet sendes til Veterinærinstituttet Harstad.

 

 

  

Forgiftingar, miljøbetinga sjukdommar og mangeltilstandar

Desse sjukdommane kan diagnostiserast ved obduksjon og histologi, og ved metodar som utførast etter avtale og som omtalast her: Analysar av blod eller vevshomogenat.

Det kan vere viktig å sikre prøvar frå vatn, fôr, mage- og tarminnhald. Det må brukast uttaksprosdyrar og emballasje som ein positivt veit ikkje vil kontaminere materialet.

 

Ved sjukdomsdiagnostikk kontaktast Veterinærinstituttet i samsvar med regional arbeidsdeling.

Ved helsekontroll og oppdrag kontaktast Veterinærinstituttet Oslo v/Seksjon for toksikologi, Seksjon for kjemi eller Seksjon for fôr- og næringsmiddelmikrobiologi.

 

Forgiftingar, miljøbetinga sjukdommar og mangeltilstandar hjå fisk – tabelloversyn

 

til toppen av siden

 

  

Pakking og sending

Fullstendig og korrekt utfylt innsendingsskjema for fisk skal følgje innsendinga eller vere oss i hende seinast når vi mottek sendinga. Opplysingar det ikkje er plass til på skjemaet skal skrivast på eige ark. Namn og nummer på lokalitet og fullt namn på anlegget med adresse og konsesjonsnummer er viktig. Bakgrunnen for innsendinga skal komme klart fram. Det skal opplysast om kliniske funn og makroskopiske endringar, og dersom desse varierer mykje skal opplysingane vere på individnivå. Nye opplysingar som måtte komme til etter innsending, som resultat av lokalt utførd bakteriologisk undersøking, skal ettersendast.

Prøvematerialet skal merkast! Ved innsending av materiale der det frå kvart individ vert sendt meir enn ein type prøvemateriale, skal alt individmerkast.

Det skal i skjemaet opplysast om tal og typar av prøvar, om merking av desse, og vere samsvar mellom opplysingar i skjema og merking av prøvane. Opplysingar om prøvane skal i størst mogleg grad vere i skjema og ikkje på emballasjen.

Manglande opplysingar medfører ekstraarbeid for laboratoiet, og kan gje eit forringa resultat av undersøkinga. Prøvar utan naudsynte opplysingar vert ikkje undersøkte.

 

Alt ferskt materiale skal sendast på is slik at materialet er kjølt (ikkje frose eller oppvarma) ved mottak. Pakken skal vere tett og innehalde isolasjon, fukt- og støytabsorberande materiale. Medfølgjande brev skal pakkast separat i eigen plastpose slik at det ikkje vert vått eller tilsøla med prøvemateriale. Alle beholdarar med væske skal være heilt tette.

 

Levande fisk sendast kjølt i plastpose med vatn og oksygen. Vatn med fisk kjølast gradvis ned, fisken overførast til plastpose med kjølt vatn og reint oksygen, slik at vatnet utgjer 1/3 og gassen 2/3 av volumet. Plastposen setjast opp ned i ein ny pose opp i ein isolert kasse, og det fyllast is ikring (i plastposar). Sendinga skal varslast.

 

I den grad det er mogleg bør prøver takast ut og sendast i tidsrommet måndag til onsdag. Alt ferskt og levande materiale skal sendast straks etter uttak og må vere framme seinast kl. 14 dagen etter, men aldri på laurdagar eller helgedagar. Fiksert materiale bør sendast straks.

 

Materiale kan lagrast medan ein vurderer om det skal sendast til VI, men

- lang fikseringstid på formalin kan gjere det vanskeleg å påvise ulike agens ved immunhistokjemi.

- frysing av ferskt vev kan gjere det vanskelegare å dyrke mikroorganismar.

 

Innsendar dekkar fraktkostnader med mindre noko anna er avtala.

 

Innsendar har ansvar for å følgje dei ulike transportørane sine reglar for kva som kan sendast og for pakking og merking mm. Pakkar skal merkast, td. med Postverket sin lapp "FORSIKTIG! BIOLOGISKE PREPARATER!"

 

Prøvar skal adresserast korrekt, og dersom ikkje anna er bestemt skal prøvar til VI Oslo sendast til Seksjon for fiskehelse.

 

til toppen av siden