Sjukdomsdiagnostikk

– generelt hjå fisk, skjell og krepsdyr

Laboratoriediagnostikk er ofte eit avgjerande tillegg til ei feltteneste sin innsats ved sjukdomsoppklaring. Den medverkar også til oppdaging av ukjende sjukdommar i ein populasjon og til sikring av forskingsmateriale.

Innsendar skal vere lokal fiskehelseteneste eller veterinær, og før innsending av materiale frå oppdretts- og kultiveringsanlegg skal det lokalt gjerast forsøk på sjukdomsoppklaring. Veterinærinstituttet si rolle er i utgangspunktet å yte diagnostisk hjelp.

Prøveuttak skal gjerast før eventuell medisinering eller anna handsaming vert igangsett.

Ved sjukdom (forgiftingar inkludert) og daude, både i akvakulturanlegg og i naturen, er det viktig å sikre seg nok av eit representativt materiale av god kvalitet tidleg i eit sjukdomsutbrot, for episodar med døying kan vere korte, og sekundærinfeksjonar kan blomstre opp. Sjuke individ eller svimarar (nesten daude individ) er ofte det beste alternativet, nettopp daude individ er dårlegare og individ som har lege i lengre tid kan vere ueigna for undersøking. Prøvetaking frå daude individ må vurderast ut frå problemstilling og grad av kadaverose.

I tilfelle der vi har lite erfaring med undersøking av dei aktuelle artene og/eller den aktuelle sjukdommen (serleg forgiftingar), bør det i tillegg takast prøver frå individ utan kliniske teikn, og det bør sendast heile individ.

Ved sjukdom er ofte både kliniske teikn og obduksjonsfunn lite spesifikke. Difor er det viktig å sikre materiale som mogleggjer undersøking både for mistenkt sjukdom og for aktuelle differensialdiagnosar. Dersom sjukehistorie, kliniske teikn og patologi mm. ikkje peikar mot vanleg førekommande sjukdommar, er det viktig å sikre seg prøvemateriale som gjer det mogleg å undersøke for alvorlege smittsame sjukdommar. Utteke materiale kan i visse tilfelle lagrast til ein får klarlagt trong for og/eller høvet til å få det undersøkt.

Talet på individ som skal sendast heile eller som det skal takast prøver frå, må vurderast i kvart tilfelle, og avheng av storleik, problemstilling mm. Det er grense for kor mange ulike prøver som kan takast frå eitt lite individ, og generelt må det sendast fleire individ di mindre dei er. Ved innsending av heil fisk bør det generelt sendast 10 stk. når den er over 20 cm, 10 – 20 stk. når den er 5 – 20 cm og 20 – 100 stk. når den er under 5 cm. Typar av prøvemateriale må også vurderast i kvart tilfelle. Når funn ikkje gjev grunnlag for mistanke til visse sjukdommar, bør ein sikre materiale som kan undersøkast for virus, bakteriar, sopp, parasittar og forgiftingar mm. 

Det er ønskjeleg med innsending av rikeleg prøvemateriale; heller for mykje enn for lite. Motteke materiale vert undersøkt i den grad det er naudsynt for å stille ein diagnose. 

Prøveuttak og -innsending i samsvar med instruksane i denne handboka er eit vilkår for å få utførd gratis sjukdomsdiagnostikk ved mistanke om meldepliktige sjukdommar.

Kontakt laboratoriet før prøveuttak når det iflg. tabelloversyna skal gjerast, eller det er alvorleg sjukdomsutbrot som ikkje gjev grunnlag for mistanke til kjend sjukdom. 

Ved infeksiøs lakseanemi (ILA), bakteriell nyresjuke ( BKD), furunkulose mm. bør agens isolerast og inkluderast i Veterinærinstituttet si stammesamling.

Utstyr for prøvetaking     Innsendingsskjema

Fisk - spesielt om sjukdomsdiagnostikk

Skjell - spesielt om sjukdomsdiagnostikk

Krepsdyr - spesielt om diagnostikk av meldepliktige sjukdommar

Fôrprøvar – prøvemateriale sendast til Veterinærinstituttet Oslo, Avdeling for fôr og næringsmiddelhygiene.

Vassprøvar – kontakt t.d. Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA).

Undersøking og svar         Prisar

til toppen av siden