Fisk, skjell og krepsdyr
Veterinærinstituttet Oslo og dei regionale laboratoriane i
Sandnes, Bergen, Trondheim og Harstad utfører sjukdomsdiagnostikk,
helsekontroll og oppdrag.
Veterinærinstituttet
Oslo er i tillegg
referanselaboratorium for fisk og kreps. Tilsvarande funksjon for skjell er lagd til
Veterinærinstituttet
Bergen.
Ved sjukdomsoppklaring skal
kontakt med Veterinærinstituttet og prøveinnsending, når ikkje anna er bestemt,
skje i samsvar med den regionale arbeidsdelinga som gjeld for fisk, skjell og
krepsdyr, og som vert informert om i dei ulike delane av handboka.
Kontakt med Veterinærinstituttet Oslo skal skje til Seksjon for fiskehelse dersom det er
sjukdomsdiagnostikk eller noko anna ikkje er avtala.
Veterinærinstituttet skal alltid kontaktast før innsending dersom:
det er mistanke om gruppe A-sjukdom eller infeksiøs lakseanemi (ILA).
ein vil kontrollere for eventuell førekomst av A- eller B-sjukdomsagens hjå tilsynelatande friske dyr eller hjå sjuke dyr utan grunngjeven mistanke, s.k. helsekontroll. Det gjeld også import- og eksportkontroll.
det er store prøveseriar.
Vetrinærinstituttet bør kontaktast på førehand dersom det er andre
spesielle prøveuttak eller problemstillingar.